8. juli 2009

Kron for sommar!

Takk til Kjerstin som lærte mej ordet "kron" i dag. Det passa ypperleg som overskrift! Kron = gollj! Meir ekje det å sei om det. Sommar gir ej terningkast 6! Og når ej i tillegg he heilt fri nåkre veke, so e alt faktisk strålande. So longt he ej vår en tur i Irland og so he ej hatt kommuneraid i Møre og Romsdal. (Møre og Romsdal - ikkje Nordmøre) Sistnemnte va i høve storvitjing frå Odda.
I tillegg til ditte her e no det ganske stort å ver utdanna adjunkt mæ da! Må innrømme det...
Men ja, det første først. IRLAND!

Irland e yndlingslandet mitt tru ej, utenom Norge. Ej he no ikkje vår i alle land, men det e nåke spesielt med Irland. Sia Camilla vart hasteinnkalla til arbeid på sjøen dagen før avreise, vart turmedlemane dinne gongen Kjerstin, David, Ann- Helen og mej sjøl. (Camilla, må innrømme at det va litt bra at du ikkje vart med, i og med begrensa plass i bilen vår ;) - neirra..)

Dublin, venstrekøyring,fortauskanta, sauda og kyr, flatt landskap, grøne marka, klippe, sykling på Aran Island, meir køyring, Galway, Killarney, Carlow, irske puba, Guinness, breakfast roll, St. Stevens Green, Heineken, shopping, irske fløytemanna, innkjøp av eiga irsk fløyte, humor, fliring... Ja, her e nåken viktige ingrediensa for en vellukka tur. Det må seiast at dei ikkje e nemnd i kronologisk rekkefølge :)





Her e nåke anna so e spesielt. Pubane! Første kvelden skulle oss en raske tur ned på den lokale puben i Carlow. Der va 4 stk då oss kom inn. Sikkert nåken so alltid bruka å vere der. Sia oss då dobla talet på kunda og sikkert pinta den kvelden, nekta eigaren å stenge :)



Ditte e nåke av det ej digga med Irland. Grønt og lækkert landskap!



Første biltur. Dublin Airport til Carlow. Pyjåtten fekk prøve sej og han leverte!



Monge ta disse i landet. Mektig! :)



Syns ditte bilde va ganske kjekt. Imponerande at ej greidde å treffe alle. (3.forsøk) Men alle va i alle fall umåtelig heldige med "posen"- spesielt sveisen min!
Oss e her på sykkeltur på Aran Island.



Generelt god stemning! Han på fløyte leverte! :)

Her va litt av livet so longt. Tru ej skal skrive om Møre og Romsdal på 16 tima litt seinare. Gooo natt :)

15. juni 2009

Opplyftande!

Kvardagslege ting er noko eg tykkjer om. Etter mange "festlege" album på facebook såg eg at det var på tide å ta litt bilete av kvardagslege ting òg. For kva er vel betre enn å samle nokre folk og gjere noko ein sjølv har lyst til (og som gjerne dei andre òg syns er heilt okay)? Det treng ikkje å vere avanserte greiene.

- Kva er vel betre enn:



Råning!
Fredag ettermiddag, Gitte hadde invitert oss på konsert i Fosnavågen. Ellisiv stilte med rånekæsså si. Då vi passerte Tjørvåg og busstoppet på bilete, måtte vi faktisk stoppe for litt fotografering... Hareidsdølingar finn ein overalt. På godt og vondt ;)



Å vinne Tine- stafetten, i klassa: beste heiagjeng!
Her representert med kollega Linn.. som namnet tilseier var det på sin plass å stille med mjølkekartongar på hovudet. Anna heiautstyr var også med, i tillegg til høgt volum. Eg vart rett stolt!



Slækking på altanen
Ein har det ein treng når ein sit på altanen på Liaset. Ei bok eller avis, ein kaffikopp, radio, solseng,solkrem, ei mor, ein far eller bror som driv med sitt og utsikt mot vatn, fjell og skog. Reine idyllen!




Kanskje ikkje så kvardagsleg, men i alle fall kjekt: Bunad og 17. mai!
Sidan eg er oppvokst i korpsbygda, har det vore litt rare å vere ein annan stad - der eg ikkje har spelt i korps dei siste åra. I år fekk eg friska opp att. Hjelpespelar er ein fin ting. Sidan vèret ikkje kunne bli betre, var dagen særs vellukka. Sjølv om Rebekka og eg ikkje rakk vår tidlegare tradisjon: lapskaus på Jomsvoll.




Bildetaking på Flø!
Det slær ikkje feil. Like staseleg kvar gong! Ein skulle faktisk tru at vi hadde brukt opp motiva der ute no, men neida. Framleis mykje å ta av. hehe.. Anten ein skal ete reker der, men endar opp inn i Liavåjen, finn ei ny og fin ku, oppdagar eit nytt hus eller at solnedgangen er vakrare enn nokon gong.


Kaffikari!
Sol, bryggje, iskaffi, chillikaffi, øl, fotografering, god mat, feiringar av bursdagar, ein pust i bakken eller noko anna sosialt. Kaffikari er staden.



Ein fjelltur!
Ein skal ikkje gå lange vegen før ein finn ein fjelltopp for kvar ein kropp. Åsefjellet er ei lita kneik som ligg her inne på Hjørungavåg. Utsikt mot Hjørungavåg eller utsikt mot Vartdalsfjorden. Er ikkje å kimse av, nokon av dei.

Det er berre å følgje med. Neste gong eg pratar om kvardagslivet, vert det nok kvardagslivet i Irland... For eit liv det skal bli! =) Eg gler meg..

20. mai 2009

Kvardag!

Så er eg i Noreg att og kjenner at eg trivst godt! Etter fire månadar på tur var det rett og slett godt å kome heim til fagre Noreg!
'

Den første timen på norsk jord vil eg hugse lenge. Eg tok ein liten tur på tax- free, henta bagasjen min og sette kursen mot flybussen. I det eg kom ut i ankomsthallen høyrde eg gitarspel og song. Stemmene var kjente... Dei hadde laga song til meg!! Mange fekk underholdning på Flesland den dagen gitt. Gollj :)
Camilla - med gitaren - tek bilete!


Helga i Bergen leverte- noko helger i Bergen som oftast gjer! Grunnen er enkel. Det bur så mange fantastiske folk der... Generell henging, rødvin, spelekveld, taco, sysla: "sete på Torgallmenningen og sjå på folk", gitar, fliring, pizza på Peppes og humor er ting eg likar svært godt og alt vart gjennomført i løpet av to fine dagar.




Johanne feira bursdagen sin og her er nokre kjekkingar frå folkehøgskulen samla. (I tillegg til Ingvild som også er ein kjekking, men som ikkje var kjekk nok til å gå på Nordhordland fhs ;))

Desse bileta talar for seg sjølv- i alle fall for oss som var der. Eg flirar!


Søndagen kom og flyet (nr. 30 på fire md vil eg tru) til Sunnmøre venta. No skulle eg heim til yndlingsbygda Hjørby. Mamma, pappa og Arild venta på på hurtigbåtkaia og potetballen venta heime. Fantastisk! Sidan den dag har dagane gått i eitt. Eg har funne ut at eg likar dei best slik.

Kvardagane går med til å vere lærar og å skrive eksamensoppgåve.
Av vktige hendingar i mai er sigeren for beste heiagjeng på Tine- stafetten verdt å ta med. Her snakkar vi om positiv patriotisme blant elevane for bygda vår! Sidan Kva er vel meir naturleg enn å ha Tine- mjølkekartongar på hovudet under ein Tine- stafett? ;)


Eg trivst! Det er stas å vere lærar!

8. mai 2009

Heeeia!

Då er kvardagen her!
Vikariering, skriving, henging og råning! He det so flott so =)
Turen he levert frå a til å, men det so jaffal e sikkert e at "borte e bra, men heime best!"
Skal lage en liten bildekollage om litt, so det e berre å vente i spaning....